I 2025 er det 100 år sidan Nynorsk salmebok kom ut. Jubileet blir markert i Ørskog kyrkje med salmar, tonar og refleksjonar – ei feiring av den nynorske salmeskatten som har vore med å prege både kyrkja og samfunnet vårt.
Den nynorske salmeboka frå 1925 fekk enorm tyding for nynorsk som kyrkjemål, og har vore ein berebjelke i utviklinga av nynorsk som samfunnsberande språk. Gjennom salmane fekk nynorsk ein sterk posisjon i kyrkjelivet, og dei har sidan vore ein kjær del av vår felles kulturarv.
Markeringa i Ørskog kyrkje vil by på:
-
Foredrag ved Marit Kaldhol om bakgrunn og betydning av Nynorsk salmebok.
-
Utvalde salmar framført av Skodje kyrkjekor, som løftar fram både historia og den levande songtradisjonen.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Borgund Mållag og Ørskog sokneråd, og er ope for alle som ønskjer å ta del i ei kveld med både ettertanke og songglede.