Søndag 28. september kjem Kristina Farstad Bjørdal (akkordeon) og Carl Petter Opsahl (bassklarinett) til Skodje kyrkje med folketonar frå Sunnmøre og omegn – tolka med improvisasjon, speleglede og nye arrangement.
Bjørdal & Opsahl er ein duo som hentar inspirasjon frå den rike folkemusikktradisjonen i Møre og Romsdal. På konserten vil dei særleg løfte fram repertoaret etter tradisjonsberar Knut Didrik Stafset frå Stette, i samspel med organist Marc Labruijere, som også har skrive eigne arrangement til delar av programmet.
Kristina Bjørdal kjem frå Tennfjord og er ein prisvinnande akkordeonutøvar med bakgrunn i både folkemusikk og klassisk samtidsmusikk. Carl Petter Opsahl frå Oslo er jazzmusikar og ein av landets fremste tolkar av tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen – med ein unik kombinasjon av jazz, folkemusikk og improvisasjon.
Billettar: 200 kr ved døra (gratis for under 18 år).