Temakveld 20. april med Inger Walbø


No opnar vi varsamt opp att i kyrkja, og tysdag 20. april kl.19.30 er de velkomne til temakveld i Skodje kyrkje. Inger Valbø vil fortelje om arbeidet med å drive misjon i Japan. 

 

Komande tysdag vert det nok ein gong temakveld i Skodje Kyrkje. Kyrkjene er no opne att etter nedstenginga før påske. Vi kan vere mange fleire no, berre kvar husstand held 2 m, og held elles smittevernreglane. 

Kvar månad har kyrkja hatt temakveldar med ulikt fokus, og denne gongen er det Inger Valbø som er kveldens temahaldar. Ho har vore misjonærutsending i Japan for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sidan tidleg -90 – talet. Tysdag vil å dele erfaringar og tankar rundt det å drive misjon i eit høgteknologisk og sekularisert land. Men Japan er ikkje berre blant dei fremste i verda på teknologi og avansert industri, dette landet har fortsatt sterke innslag av religion. Det er mange likheitstrekk mellom Norge og Japan, samstundes er det kanskje også noko som skil dei to landa.

Vi gler oss til å høyre frå ein erfaren misjonær som har fått både landet og kulturen på innsida etter mange år i teneste. Alle er velkomen til ein interessant kveld, og det vert også høve å gi ei gåve til misjonsarbeidet til NLM på Vipps. Vel møtt !

Velkommen!

Tilbake