Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste 17. mai - digital sending


Også dette året vert feiringa av nasjonaldagen digital. Skodje Kyrkjelyd vil samlast foran skjermane der vi saman kan feira 17. mai med sending frå kyrkja.

Her møter du flaggborg med speidarar frå Skodje KFUM/K, og songgruppe fra Skodje kyrkjekor vil leie allsongen. Vi syng dei kjende og kjære salmane og songane som knyter seg til nasjonaldagen og våren. På orgelkrakken sit Arne Varmedal og sokneprest Jan Løkkeborg leier gudstenesta. Video er ved Tor Christian Solevågseide, Tormod Løvås og Knut Marton Leine.

Kollekta denne dagen kan du sende på Vipps til 81390, gåva vil gå til Skodje KFUM/K speidarane.

Gudstenesta blir sendt av 17.maikomiteen i Skodje og er tilgjengeleg kl 11.00: Her finn du sendinga til 17.mai-komiteen på Facebook: Gudsteneste i Skodje kyrkje med kransenedlegging: Gudstenesta kan du også opne frå YouTube: https://youtu.be/UwfSmo3JXFk

Tilbake