Velkommen til pinsefeiring i Skodje kyrkje


Gudsteneste i Skodje kyrkje 1. pinsedag kl 11 ved Jan Løkkeborg,  Marc Labruijere og Magne Fremmerlid. Vi utfordrer alle kyrkjegjengarar denne dagen til å kle seg med noko raudt. Kanskje vi kan sjå antydning til ildtunger i kyrkjebenkane i år…

 

Søndag kan vi endeleg feire gudsteneste igjen. Og vi kan vere 50 i kyrkja på tilviste plassar. Skal det bli skikkeleg feiring på pinsedag så skulle vi gjerne hatt nokre forsangarar. 3 – 4 forsangarar eller fleire hadde verkeleg løfta lovsongen. Kan du tenke deg å stille ? Om du ynskjer å vite salmevalet så send ein melding til sokneprest Jan, anten på 477 56343, eller på jan.lokkeborg@kyrkja.alesund.no, så sender han deg salmeseddelen. Det er Marc Labruijere som er organist. Møt opp litt før om du ynskjer ein gjennomgang. Så håpar vi at vi får litt salmehjelp…

Endeleg kan vi samlast att i kyrkja og søndag skal vi feire pinse. Fargen for pinsa er raudt. Den minner oss mellom anna om ildtungene som synte seg over dei som var samla på den øvre salen på pinsedag. Vi utfordrer alle kyrkjegjengarar denne dagen til å kle seg med noko raudt. Raudt sjal, raud jakke, sko eller skjorte/slips…? Kanskje vi kan sjå antydning til ildtunger i kyrkjebenkane i år…Sokneprest Jan vil tale ut i frå teksten i Apg 2 denne dagen. Der står det om at dei var samla på pinsdagen. Men dette var ikkje den første pinsa, den hadde dei feira kvart år. Kva er samanhengen mellom den jødiske pinsefeiringa og den kristne høgtida ? Det kan du få vite om du kjem på søndag. Evangelieteksten denne dagen er frå Johs 14, 15 – 21. Vel møtt til Guds hus.

Tilbake