Komande søndag vert det mykje fin song og musikk ! Og 2 barn bærast til dåpen.
Søndagen som kjem er Marc Labruijere gjesteorganist. Han er godt kjend for skodjebygdarane. Og han har sjølv blitt skodjebygdar, familien har slått seg ned på Valle. Det vert og besøk frå Sula Frikirke. Gutane kallar kvartetten seg, og dei 4 herrane vil leie i allsong og sjølv synge til oss. Det er verkeleg noko å glede seg til. Teksten for søndagen er rett og slett frå misjonsbefalinga i Matt 28. Ver budd på utfordringar...! Og vel møtt !