Gudsteneste treeiningssøndag 30. mai


Velkommen til gudsteneste i Skodje kyrkje søndag 30. mai kl 11 ved Jan Løkkeborg og Arne B. Varmedal. Då er det treeiningssøndag. Det vert både dåp og nattverd.

 

Søndag vert det gudsteneste igjen. Då er det treeiningssøndag. Det betyr at vi vil ha fokus på treeinigheita. Og kven av oss kan forstå det…? Kan eit ikon hjelpe oss til å få ein breidare forståing av kven og korleis Gud er ? Om du kjem til kyrkje denne søndagen vil du kanskje få nokre tanker som kan hjelpe til å sjå inn i dette mysteriet. Evangelieteksten er Luk 10, 21 – 24, men prest Jan har valgt å dukke ned i fortellinga fra 1. Mos 18, 1 – 8. Det vert både dåp og nattverd.

Om nokon vil vere med i prosesjonen og dekke altarbordet eller vere forsangarar, så er de velkomne til det. Ta gjerne kontakt med prest Jan, då vert han glad…

Tilbake