Ny liturgisk musikk i kyrkjelyden


Søndag 27. juni går vi i gang med å prøve ut den nye melodiserien som en prøveordning fram til nyåret. Her kan de som vil lytte til melodiane på forhånd, slik at dei ikke er helt ukjente når vi skal synge dei. 

 

Soknerådet søkte biskopen om dispensasjon til å nytte den liturgiske musikken vi har pr i dag. Dette var også vedtaket og ynskje frå soknemøtet i august i fjor. Men vi fekk avslag og fekk kun behalde den eine av dei to liturgiske melodiane. (Anten Kyrie el Sanctus). Soknerådet har då vedteke at vi vil prøve ut den nye melodirekka kalla almenserie 2, rytmisk serie. Dette vil vi gjere framover hausten mot jul, og på nyåret ta ei beslutning om kva for melodiar som skal nyttast fast. Då vert det innkalla til soknemøtet der medlemane kan gi tilbakemelding til soknerådet som tek den endelege avgjerda. På denne måten får vi prøvd ut og gjort oss kjende med alternativa. Du kan øve på og lytte til melodiane i 2 versjonar. Den eine med orgel og den andre med band.

Med band finn du nederst som lydklipp i raud skrift på denne sida:
https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/kirkemusikk/liturgisk-musikk-og-salmesong/  

På orgel finn du melodiane på Youtube på denne sida:
https://www.youtube.com/watch?v=1Zaua2QrTsE

Tilbake