Ny temarekke i Skodje; "Det gode livet".


Sokenrådet handsama ei sak om å ta ein "pause" frå kyrkjeårets tekstar og sette opp eit tema for hausten/vinteren. Dette vart godt mottatt i soknerådet. Temaserien startar på søndag 6. okt.

Kyrkjeårets tekstar har 3 rekker. Noverande sokneprest har no vore gjennom alle tekstrekkene og hadde eit forslag om å prøve ut ei temarekke for ein periode. For kvar søndag vert det eit tema, og dette går inn under eit hovudtema som er "Det gode livet".  Denne temarekka vil følge same strukturen som kyrkjeårets tekstar med 3 tekstar; ein av dei er alltid ein evangelietekst. Ved særskilte dagar i kyrkjeåret vil vi fortsat halde oss til kyrkjeårets tekstar. Dei andre søndagane fylgjer vi temrekka.

Når vi sparkar igong denne temarekka vil temaet for komande søndag vere; "Kva er det gode liv ?". Tekstane for komande søndag vert Matt 6, 19 – 24,  Ordt. 4, 20 – 23 og Josva 13,32f; Temaet denne søndagen er å prøve å gi svar på kva som eigentleg er det gode livet. Korleis finn ein det ? Korleis kan vi ta vare på det ? Eit spørsmål til deg kan vere: kva er det gode livet for deg ?

Tilbake