Søndag 21. juni vert det ein stor dag for Jan Kristian Behrentz og Ørskog kyrkjelyd. Då skal han vigslast til prest. Skodje kyrkjelyd vil vere med å feire han, og vi oppmodar folk om å ta turen til Ørskog.
Foto teke av Bygdebladet, Ørskog.
Etter endt studie og praksis er Jan Kristian klar til å få lagt stolaen over nakken. Han har i tillegg til prestetenesta i Ørskog tatt det han har mangla for å få godkjent studiet og kunne vigslast til prest. No er dagen komen, og vi gled oss med at denne kjekke og folkelege karen endeleg skal få "prestelappen" og vere heilt innvigd i prestestanden. Biskop Ingeborg vert sjølsagt med saman med prost Karl Johan Bjørge, og mange andre tilreisande vil kome og feire dagen. Vi vonar at mange frå kyrkjelyden i Skodje også vil delta på feiringa søndag 21. juni, som vert etterfulgt av fest på kyrkjetorget.