Stabstur til Holmely


Av og til treng også kyrkjelege tilsette påfyll for å tene andre. Dei tre siste dagane har staben i Skodje sokn vore på Holmely retreatsenter, Bryggja. Vi fekk koronamidlar frå bispedømet til å dekkje opphaldet, og sokneprest Jan hadde vore her og leia retreat før, og foreslo nettopp denne nydelege staden.

 

Sokneprest Jan la opp eit fint opplegg, der alle fekk bidra med ulike ting. Gode dagar med tid til gode samver, tidebøner, samtalar og ikkje minst gode historier og gode måltid. Flott vertskap! Etter stabsmøter tidvis på Teams og heimekontor var vi glade for å få vår fyrste stabstur for Skodjestaben. (Nokre har kanskje vore på leir i nabobygget, Fjordly og det er Normisjon som eig begge.)

Staben i Skodje sokn: Dagleg leiar Åsrun Håvik, diakon Asbjørg Oksavik Sve, sokneprest Jan Løkkeborg, kateket Olav Rønneberg og Marie Hellevik. (Til info har dei fleste også teneste i Ørskog, men midlane fekk vi til Skodje sokn.)

Tilbake