Vi gled oss over å kunne invitere deg som brenn for Skodje kyrkjelyd til ein Medarbeiderfest torsdag 8. feb kl 18 på Brusdalsheimen. Alle er velkomne!
Det er viktig å seie, for vi ynskjer at alle som vil kan få ei oppmuntring og ein kveld med inspirasjon. Kyrkjevertar, leiarar og medhjelpar, stab, sokneråd. Misjonsforeining, eller kva enn du er engasjert i, eller for Skodje kyrkjelyd så må du sette av denne kvelden. Nytt av året er at vi vil halde festen ilag med Ørskog kyrkjelyd. Så då vert det ekstra mange frivillige og engasjerte som møtast til ein hyggeleg kveld.
Det vert god servering, det vert tema om å bygge fellesskap og medeigarskap. Det tid til god samtale, skjemt og litt alvor. Vi startar med middag kl 18.00, så då må du vere på plass. KOM I GOD TID FØR DETTE ! Kvelden vert elles fylt av ein artig konkurranse, intervju, kveldsord og ein minikonsert med Espen Hellandsvik. Alt dette får du gratis ! Meld deg på, slik at vi kan berekne mat.
Meld deg på innan snarast og innan 1. feb
Påmelding her:
Medarbeiderfest 2024