Ørskog kyrkje, idyllisk plassert ved Storfjorden, vert kalla ”Storfjordens katedral”. Her har det truleg stått kyrkjehus sidan 1100-talet. Kyrkja som står her i dag er ei langkyrkje i tre frå 1873 med plass til 600 menneske. Kyrkja vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan, og vart vigsla og tatt i bruk 6. november 1873. Den gamle kyrkja vart for lita. Den vart flytta til Leikong i Herøy, og er framleis i bruk.
Kyrkja er vakker både på utsida og innsida. Inne finn vi store, fargerike glasmåleri frå 1952, laga av kunstnaren Jørgen Skaare. Ein legg også merke til eit krusifiks i korbogen. Denne er truleg frå ei av dei eldre kyrkjene. Elles er døypefonten sitt messingfat så gamalt som frå 1686, gitt i gåve av prest Hegelund. Det er inga altertavla i Ørskog kyrkje, men ein Kristusfigur på alteret. Dette er ein kopi av ein Kristusfigur laga av kunstnaren Bertel Thorvaldsen. Originalen står i Vår Frues kirke i København.