Babysong


Babysong er eit tilbod for babyar i alderen 0-1,5 år og foreldre. Vi held til i Skodje kyrkje annakvar torsdag, oddetalsveker kl. 11-13. Vi har no oppretta ei eiga facebookgruppe, søk opp Babysong Skodje kyrkje. Gruppa kan ta imot aktuelle medlemer:

 

Vi har songstund og sosialt samver. Songen er viktig i barns liv, vi ynskjer at babyane vert glad i å synge, lytte og kjenne rytme og danseglede ilag med sine næraste. Babyar har også stor glede av andre småfolk. Vi sit på matte og syng, eller vandrar til musikk i kyrkjeromet, tenner lys og ser på lys og symbol rundt oss. Vi syng kristne barnesongar og songar frå barnekulturen i Norge.

Ta med niste, men te, kaffi og frukt held vi. Kontingent 200,- for heile året babyen er med (på vipps 81390). Babysong har vore arrangert i kyrkja sidan 2014, leiar har heile tida vore Asbjørg Oksavik Sve. Påmelding er best i koronatida. Sms 92614767. 

 

Velkomne!

 

 

Foto: Ressursbanken DNK 

Tilbake