Gudsteneste 22. januar


Velkomen til kveldsgudsteneste på søndag !

 

Komande søndag vert det kveldsgudsteneste kl 18.00. Dette vert ei gudsteneste med enklare liturgi, litt meir song og bønevandring. Kanskje du også kunne tenkje deg å bli bedt for, eller få ei velsigning. Det vert med andre ord også ein stasjon med forbøn. Jorunn Bakke Orvik og Geir Flåm vil leie musikken. Så vi er heldige med godt tonefylgje. Vi skal også ta oss god tid til å dvele over tekstane denne dagen. Preiketeksten er henta frå Johs kap 2 og vi vert med Jesus inn i bryllup i Kana. Dette var det første underet Jesus gjorde. Og Johannes kallar det eit teikn. Kva peika dette teiknet på ? Det får du vite om du møter på søndag. Vel møtt til kyrkje !

Tilbake