Inspirasjonshelg med Jens Petter Jørgensen


Møtehelg med Jens Petter Jørgensen !

 

Hausten sin store pangstart er ei møtehelg med Jens Petter Jørgensen. Skodje Kyrkjelyd og Skodje bedehusforsamling står saman som teknisk arrangør av helga. Fredag og laurdag samlast vi til undervisning på Skodje bedehus. Temaet er trushistorie. Jens Petter har intervjua utallege repsondentar om tru og trushistorie. Dette har ført til eit konsept han har hatt mange stader om å forstå si eiga trushistorie. Dette hjelper oss til å sette ord på trua og finne ut av korleis vår historie har prega trua vår. Undervisningsopplegget passar for alle som er nysgjerrig på trua si, ynskjer å forstå seg sjølv og andre betre. Og ikkje minst oppleve glede og inspirasjon inn i eige trusliv. Kan garantere ei helg med undring, latter og begeistring. Jens Petter Jørgensen er ein nestor i Kristen - Noreg, og kjent for sin engasjerande formidling.

Tilbake