Kyrkjebasar 24. september


Laurdag 24. september er det klart for årets kyrkjebasar !

 

Kyrkjebasaren går som vanleg av stabelen på Skodje bedehus. Dørene opnar kl 12.00 og har alle ingrediensar som ein god basar inneheld. Du får kjøpt bacalao, etterpå kan du nyte kaffi og kaker, eller saft om du vil. Kanskje borna ikkje slukar bacalaoen med stor appettit, då kan det vere at pølsar og brød smakar betre. Sjølvsagt vert det både tombola, åresalg og loddbok å bruke pengane på. Ute står hoppeslottet og ventar. Inne byrjer programmet kl 13.00. Då kjem Harald "Krakk" Grytten og helt eit kåseri om basar i gamledagar. Det trur vi vil opne latterdøra. 

Rundt kl 14.00 vil Morten Granerud ha ei andakt, han held til dagleg til på Sjøholt folkehøgskole som lærar. Og om vi er heldig vert det musikalsk innslag og vi syng også litt saman. Har du tatt lodd så kan du også sjå i spenning når den røynde loddtrekkar Arnstein Sæthre trekk ut vinnarrekka. Det kan vere du ikkje berre legg igjen pengar i basarkassa, men at du reiser heim med eit lite pluss... Velkomen til årets basar for Skodje Kyrkjelyd !

Tilbake