Lysvaken gudsteneste 4. des.


Komande søndag vert det nok ein gong yrande liv. Karsten og Julia skal døypast, og ikkje minst deltek mange born frå LysVaken - helga.

 

LysVaken er 11 åringar som skal ha overnatting i kyrkja denne helga. Dei skal ha formingsaktivitetar, vere med på refleksløp og ha gudstenesteverkstad. Med andre ord er det denne gjengen som kjem til å sette preg på gudstenesta søndag. Er du glad i mykje liv og røre rundt deg, og sjå at det spirer og gror i kyrkjelyden, så er det denne søndagen du må vere tilstade i kyrkja. Velkomen til Skodje kyrkje andre søndagen i adventstida !

Tilbake