Fast givarteneste


Vil du vere med på å auke det økomiske handlingsrommet til kyrkjelyden ?

Soknerådet har satt seg eit hårete mål, å doble antal gjevarar i løpet av året. Pr dato er det registrert 14 gjevarar som gir omlag 7000,-  i månaden, totalt. Eit enkelt reknestykke kunne vise at om til dømes 6 familiar ga 1000,- kvar i månaden ville det tilsvare inntektene til ein kyrkjebasar ! De er mykje arbeid som er lagt bak formiddagstimane ein laurdag i mars. Og mykje ressursar kunne vore frigjevne om vi fekk auka gjevarinntekta og brukt tid og krefter på andre kyrkjelydsbyggande aktivitet. Summen du vil gi kan vere ein annan, døemt e gitt for å vise korleis økonomien i kyrkjelyden fort kan verte ein annan om mange vart med å bere lasset. På soknemøtet i mars vert dette ei eiga sak. Men vent ikkje til det...

Tilbake