Spennande agentverksemd helga 5. og 6. februar 2022 i Skodje kyrkje. Alle 8-åringar er velkomne!
Skodje sokn inviterer alle åtteåringar til å vere tårnagentar. Det er gratis å delta.
Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterier.
Har du lyst til å gå på symboljakt i kyrkja?
Liker du agentmat?
Lurer du på kva slags mysterier du finn i bibelen?
Veit du at det står noko utanpå alle landet sine kyrkjeklokker?
Vi håper å sjå deg som tårnagent