Onsdag er det siste gongen konfirmantane samlast i lag før konfirmasjonsdagen. Alle er velkomen til ei spesiell kvardagsgudsteneste kl 18.00.
Onsdag vert det mange konfirmantar som deltek i gudstenesta, med skriftlesing, bøner og ikkje minst vert det dåp av ein konfirmant. Mange tenkjer at dette er dagen for konfirmantar og familie, men alle er velkomen til kyrkja denne ettermiddagen.