Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste 1/6 kl 11.00


Komande søndag er det første gudsteneste i somarmånaden juni. Den er kl 11.00.

Komande søndag er søndag før pinse. Evangelieteksten handlar om han som skal koma, om den Heilage ande. Men han er ikkje god å få tak på! Kven er han eigentleg ? Vi skal ta for oss litt av pinsedagsunderet ved å sjå om dei titlane som er nemnt om den Heilage ande kan gi oss ei betre forståing på kven han er, og kvifor vi kan vere takksame for at han finst. Så er vi også glade for å kunne ta imot eit dåpsbarn på søndag. Vel møtt til gudsteneste søndag. 

Tilbake