Onsdag 17. juni vart kyrkjelyden invitert til å halde kvardagsgudstenesten ute på Honningdalsneset. Jan og Tove Honningdal var vertar på den flotte tomta si.
Vakrare altertavle er vanskeleg å finne. Med utsikt over Storfjorden mot Røneset kunne ein fullsatt "kyrkjesal" stemme i avslutningssalmen "Så grønn en drakt, så rik en duft". Her i kyrkjerommet under åpen himmel kunne ein sanse dette. Trass i at kunngjeringa av gudstenesta var litt mangelfull møtte folk opp i fullt tal, det vil seie at drøyt 40 sitteplassar var laga til, og så og seie alle stolane var okkupert. Jan Honningdal og kona Tove har tent meste av sitt vaksne liv med sangen og musikken, mest gjennom den tverrkyrkjelege misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag.
Jan deltok med eigne låtar og avlsutta med ein brullaupssong han har skrive. Dette passa godt til tekstane for dagen, som handla om festmåltid, bankett og Lammets brullaupsmåltid i himmelen. Og bygdefolket hadde ordna med eit kakebord til kyrkjekaffien som også samsvara godt med teksten om festmåltidet ! Dette vart ei flott gudsteneste, og her kjem vi gjerne attende !