Vi er i påsketida, det er tida etter Jesu oppstode. Komande søndag vert det dåp av 2 barn. Vi skal og vere i alle dei gode og undrande kjenslene etter oppstoda.
Kva skal til for at du skal tru ? I evangelieteksten møter vi Tomas,han som vert kalla tvilling. Men som vi gjerne kallar tvilaren. Han stiller krav for å late seg overbevise. Kva skal til for at du skal tru ? Eller kva var det som gjorde at du kom til tru, kva byggjer du di overbevisning på ? Handlar det om ei omvendigsfortelling, om ei intellektuell overbevisning, eller berre erfaringa av Jesu nærver i kvardagen ? Litt av desse momenta møter vi både i preika og i teksta denne søndagen.
Hugs også at det vert Soknemøte rett etter gudstenesta. Årsrapport og rekneskapen finn du her på nettsida