Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste søndag 18. oktober kl 11.00


Komande søndag vert det Hausttakkefest. 50 - års konfirmantjubilantar er invitert og vi skal også ha dåp. 

Tekstane denne dagen fylgjer tekstane for hausttakkefest. Som i den ordinære tekstrekka så handlar teksten om særskilt tenkje på og takke Gud for all den godleiken vi kan oppleve i livet. At livet går ut frå Han og at alt vi eig høyrer Herren til. Kyrkja denne søndagen vil vere pynta med det som høyrer markens grøde til, og vi får kanskje noko ekstra og litt anna til kyrkjekaffien. Og så kan vi også få eit møte med dei som stod som konfirmant i 1976..! Vel møtt til kyrka !

Tilbake