Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste søndag 5. juli kl 11.00


Søndag 5. juli vert siste gudsteneste på denne sida av somaren. Så vert det eit opphald til august.

Søndag 5. juli vert det ei ordinær gudsteneste med dåp. Faktisk er det så mange dåp innmeldt at det vert ei ekstra dåpsgudsteneste kl 13.00. Den raude tråden i tekstane denne dagen er kallet. Vi møter Peter som vert kalla til å verte menneskefiskar, vi høyrer om Paulus sitt kall til teneste og Abraham som vert kalt til oppbrot for å fylgje Gud. Det radikale oppbrotet set eit skilje mellom å gå på Guds vegar og fortsette på eigne vegar. Men det er slett ikkje så godt å vite kva Gud vil med liva våre. Kan søndagen klargjere om vi er på "rett plass i livet"? Om du finn vegen til kyrkja denne dagen er det i alle fall noko av tematikken. Vel møtt !

Tilbake