Skodje kyrkjelyd > Vis


Gudsteneste søndag 9. august kl 11.00


Etter eit lengre opphald samlast vi til gudsteneste søndag.

Søndag 9. august vert haustens første gudsteneste. Enno kan vi ha håp om å kjenne sommarsol, men for mange er også eit nytt semester i gong. 2 små gutar ventar på å verte døypt komande søndag, og vi vonar at mange finn vegen til kyrkje. Tekstane handlar om den store hjartesorg og lengt om at menneske skal omvenda seg og finne heim til Gud som far og frelsar. Ein lengt som både Jesus, Paulus kjende på brann i hjartet. Og Paulus sitt møte med Jesus utanfor Damaskus var nok den berøringa som satte hjarte i brann. Det er kanskje ei berøring og møte vi sjølv skulle ynskje vi fekk påny....? Det er i møte med Gud og kvarandre i felleskapen i kyrkja at vi kan kveike kvarandre i tenesta for Herren. Vel møtt til gudsteneste!

Tilbake