Skodje kyrkjelyd > Vis


Kveldsgudsteneste søndag 9. feb. kl 18.00


Komande søndag er det kveldsgudsteneste kl 18.00. Skodje Kyrkjekor vert med og det vert lagt til rette for både bønevandring og forbønsstasjon. 

Biletet teke frå Kristkirken si nettside. 

I temarekka om "det gode livet" vil vi komande søndag stille spørsmålet: Helbreder Gud i dag ? Dette er eit utfordrande tema der vi må trå varleg. Kan vi ha forventningar til at Gud kan lækje ? Kva med dei som ikkje vert friske ? Kva seier Bibelen om dette temaet ? Er det mogleg å behalde ei varheit mot dei som slit med helsa samstundes som vi kjem til Gud med alt i håp om at Han høyrer oss ? Nokre av desse spørsmåla går vi inn i. Så gir vi også høve til at vi audmjukt kan få legge også helsa vår i Guds hender. Då kan du søkje personleg forbøn, eller stoppe opp ved ein av bønestasjonane og legge di sak fram for Herren aleine. Kveldsgudstenesta vert ramma musikalsk inne av kyrkjekoret og vi skal også samlast rundt nattverdbordet. 

Vel møtt til gudsteneste !

Tilbake