Skodje kyrkjelyd > Vis


Minnegudsteneste 31. oktober kl 17.00


Laurdag er det nok ein gong minnegudsteneste. Alle som har nokon dei saknar og vil minnast er velkomen !

Dette har vorte etter kvart ein lang og god tradisjon. Sorg og sakn har ingen datostemling, så sjølv om du ikkje har mist nokon dette året så er du sjølvsagt velkomen. Vi leser opp namna til dei som er gått bort i året som gjekk sidan sist helgemesse og tenner lys. I tillegg vert som vanleg også Annette Sollie Hagen med og spelar harpe. Elles leiar Marc kantor det musikalske. Etter gudsteneste vert det høve til samtale og ein enkel bevertning som diakoniutvalet tek ansvar for. Vel møtt til kyrka !

Tilbake