Neste temakveld vert ein bibeltime der vi undrar oss over ein Gud som er taus. Kanskje er det ikkje så ofte vi snakkar saman om utfordringa med ein Gud som ikkje opplevast nær, trøystande og gir oss styrke. Ein Gud som er taus og gøymer seg for oss er ei påkjenning for trua. Men vi er ikkje den første som har hatt denne erfaringa, og denne temakvelden skal vi gå inn i nokre tekstar og sjå om det kan gi oss noko trøyst og hjelp.