I Skodje kyrkje, torsdag 30. oktober kl. 19.00 minnest vi Nynorsk salmebok, som vart teken i bruk i dei norske kyrkjene for 100 år sidan.
Skodje kyrkjekor med sin dirigent Tom Venås-Gontier vil framføre skattar frå boka, og det vert allsong med både kjende og nesten gløymde salmar, akkompagnert av kantor Robert Coates.
Professor Per Halse frå høgskulen i Volda kjem også. Han er kanskje den i Norge som veit mest om korleis denne boka vart til, og om dei tre som utgjorde salmebok-komiteen i 1925.
Det er gratis inngang, og kyrkjekoret serverer som vanleg kveldsmat etter synginga.
Vel møtt alle sammen!