Skodje kyrkjelyd > Vis


Kvardagsgudsteneste 11. mars kl 19.00


Komande onsdag er det tid for ei ny kvardagsgudsteneste. Denne gongen kl 19.00. Gudstenesta er litt enklare, litt kortare, men ikkje dårlegare enn ei vanleg gudsteneste. Den er midt i veka for travle folk som treng ei påfylling og eit gudsmøte midt i ein hektisk kvardag.

Kvardagsgudstenestene legg opp til å reflektere over tekstane og sjølv lytte til kva dei vil seie oss. Denne gongen vil det og vere høve til å bli velsigna kvar einskild medan du vert oppmoda om å tenne eit lys, skrive ei bøn eller berre sitte i ro og lytte til musikk som gi ro. Vi vonar at desse gudstenestene kan treffe ein nerve der vi kan møte Gud midt i kvardagen og alt som omgjeng oss her. Vel møtt!

Tilbake