Skodje kyrkjelyd > Vis


Prosesjonskrossen er komen !


Soknerådet har hatt ei bestilling på prosesjonskross. Skissa var ferdig for ei god tid attende. No er det ferdige produktet her og dei som har sett det er godt nøgde !

Fredag 16 januar fekk kyrkjetenar Marie Hellevik overrekt prosesjonskrossen frå kyrkjekunstnar Kjell Gunnar Overøye. Eit etterlengta kunstverk som skal verte til glede i mange år er no på plass. Søndag 1. februar vert den tatt i bruk. Då går ikkje prosesjonen berre i "tog" inn, men då fylgjer vi Kristus og krossen og syner at vi er Kristi etterfylgjarar!

Tilbake