Skodje kyrkjelyd > Vis


Skodje kyrkjekor inviterer til Jubileumsnattine


Skodje kyrkjekor startar JUBILEUMSÅRET ved å invitere til NATTINÉ, i og ved Skodje kyrkje på sjølvaste valentinsdagen, laurdag 14. februar 2026 kl. 22.00. 

Kyrkjekoret set opp ein liten «gapahuk» (partytelt), tenner opp i bålpanner og lyser opp området ved kyrkja, med lykter og faklar. Det blir servert heimelaga brennsnut frå gryta som heng over bålpanna, før alle trekker inn i den lune og vakre kyrkja vår. Der vil koret, med sin dirigent Tom Venås-Gontier, framføre songar frå det rikhaldige arkivet gjennom 30 år, både a cappella og akkompagnert på det nye flygelet av Robert Coates. Coates vil også framføre musikk på kyrkjeorgelet. Og kanskje blir det andre innslag, ikkje "berre" korsong og orgelbrus?

Kom og opplev ein magisk start på jubileumsåret vårt, seint ein laurdagskveld midt i februarnatta, der vi også hyllar det viktigaste i livet - nemleg kjærleiken.

Billett: kr. 200.-

NB: Hugs å kle deg etter vêret!

Tilbake