Laurdag var det nok fleire som fekk Halloween - besøk. Når vi feirer Halloween i kyrkja litt forsinka på torsdag vert det nok relativt lite knask og knep...
Ikkje alle veit at Halloween ikkje er ein heidensk feiring, men var opphaveleg kvelden før Helgemessesøndag, All Hallows Eve. Akkurat som vi har julaftan, påskeaftan og pinseaftan. Kvelden før kvelden. Vi hadde lyst til å fylle feiringa med kristeleg innhald og prøve å gjere det til ein lysfest. Kantor Marc vil spele skummel musikk (!) og vi vil ha litt dempa belysning for å markere Lyset sin siger over Mørkret. Ondskap vert tematikken som kyrkjelydspedagog Julie vil ha preike over, og elles vert det høve til bønevandring og gode salmar. Det er lov å kle seg ut, men du er velkomen slik du kjem ! Konfirmantane dukkar opp, og vi vonar mange andre vil vere nysgjerrig på denne gudstenesta som vi arrangerer for første gong.