Skodje kyrkjelyd > Vis


Helgemesse søndag 01. november.


Søndag er vi komen til helgemesse. Sjølv om denne dagen for mange er fylt med sakn og sorg så peiker den like mykje framover mot håp og himmel. Og dåp av to barn peiker vel nettopp på det...

Tekstane rettar seg mot det som ikkje er, men som kommer. Og det kan også løfte sorg og sakn inn i ein ny dimensjon. Det handlar om det og den som var, men like mykje om det som kommer. Salmeutvalet er fylt med håp og det er også eit ynske at du denne dagen skal kjenne nettopp på livsmot og fornying. I møte med Gud og i fellesskapet av alle hans heilage. Vel møtt !

Tilbake