Temakveld 26. oktober


Velkomne til temakveld i Skodje kyrkje tysdag 26. oktober kl 19.30. Temaet er "Engler i kunsten" ved Britt Walle Ekroll.

 

Finst englar? Mange av oss har ein idè og ei forestilling om korleis ein engel ser ut. Bakgrunnen for dette bildet er mellom anna Bibelen sin omtale av desse åndevesena. Men truleg er det kunsten som i stor grad har gjeve oss evne til å gjenkjenne ein skikkelse og kalle den for ein engel. I mange av forteljingar frå jødane si historie er englar involvert. Enkelte av desse historiene har inspirert kunstnarar til å gje englane eit sansbart uttrykk. Dette er arbeid mange kunstnarar har skapt, både gjennon billedkunst og skulpturar.

 

Innleiar på temakvelden kommande tysdag i Skodje kyrkje er kunstpedagog Britt Walle Ekroll. Gjennom sitt foredrag vil ho hente fram ulike kunstverk der nettopp engelen er ein viktig del av motivet.

Britt Walle Ekroll har undervist i kunstfaget på Fagerlia vidaregåande skule gjennom ei årrekke. Som pensjonist er ho framleis aktiv som kunstformidlar, mellom anna som foredragshaldar. Vi ynskjer alle vel møtt til ein kveld i kyrkja der det òg vert rom for prat og enkel servering.

Temakvelden har også som vanleg «min salme», Det blir tid til både spørsmål og enkle forfriskingar. Det gleder oss å sjå at desse kveldane trekker folk ikkje berre frå Skodjebygda, men frå fleire himmelretningar !

Neste temakveld er 23. november.

Velkomen.

 

Skodje sokneråd

Tilbake