Spor av tru - i adventstida.


Komande torsdag, 1. des., er det klart for adventstidas første gjest i serien om "Spor av tru - i adventstida". Bodil G. Uri vil dele tankar om verdiar, tradisjonar og tru med oss. Søskentrioen Ulvestad/Ytredal er musikalske gjestar.

 

Soknepresten har vore heldig å få fleire "kulturkjendisar" i Skodjebygda i tale. Bodil G. Uri er den første ut og ho må reknast for å tilhøyre "urbefolkninga" på Skodje. Oppvaksen på Skodje og vore aktiv i manga kultursamanhenger i bygda. Denne kvelden vil å opne litt opp til dei indre romma og gi oss del i kva ho tenker er viktig i livet. Og kva tru og tradisjonar ho forbind med jula. Vi kan love ein spanande samtale om både liv og død. 

Musikalske gjestar er også noko å sjå fram til. Søskene Sverre Ulvestad og Hildegunn Garseth Ytredal kjem med gitar og vi kan love julestemning allereie denne første samlinga. Diverre måtte søster Marie melde avbud grunna sjukdom. Men duoen vil heilt klart bli noko som aleine gjer eit besøk i kyrkja verdt. Kvelden byrjer 19.30, og kjem du nokre minutter før så kan du få deg ein kopp med gløgg også !

Fleire konsertar står på programmet. Men også 3 kveldar med 3 ulike gjestar. Sokneprest Jan har invitert Bjørn Nedreskodje, Olav Mestad og Bodil Grindvik Uri til samtale om verdiar, liv og tru. På kvar sin kveld vil dei opne opp dei indre romma og gi oss del i kva dei opplever er dei viktige tinga i livet. Alle dei 3 kveldane vert også omkransa av musikalske gjestar. Søskentrioen Ulvestad/Ytredal, Kyrkjekoret Annette Sollie Hagen og Hallvar Djupvik vil kvar for seg gi oss musikalske perler. Vi skal også tenne adventskransen og få med oss eit enkelt ord for kvelden. Med andre ord; det er duka for adventskveldar med spor av tru, og senka skuldrar. Det trur vi alle treng og fortener. Vel møtt 1., 7., og 15. desember i Skodje Kyrkje. Alle kveldane kl 19.30

Tilbake