Søndag 9. november vert det ei kveldsgudsteneste i litt anna modus. Det vert mykje sang og musikk. Og som musikalske gjester får vi besøk av "Gutane" frå Sula Frikirke.
Du skal få synge litt ekstra på denne gudstenesta. I tillegg vil vi få høyre mykje god musikk fra kara - gruppa frå Sula. "Gutane" har besøkt oss fleire gonger før, og har fått god tilbakemelding. Dei er "halvproffe" songarar som har eksistert i ei årrekkje. Forutan å opptre i eige kyrkjelyd, Sula Frikirke, så er dei også rundt og deler songgleda i andre samanhengar. På repertoaret står gospelmusikk og både nye og eldre sangar og lovsangar. Vi prøver oss med ein litt enklare liturgi, og går inn for landing på temarekka om "Vår Far". Kom og ta med deg ein ven. Det vert ei musikalsk oppleving !