Søndag 9. november vert det ei kveldsgudsteneste i litt anna modus. Det vert mykje sang og musikk. Og som musikalske gjester får vi besøk av "Gutane" frå Sula Frikirke.
Du skal få synge litt ekstra på denne gudstenesta. I tillegg vil vi få høyre mykje god musikk fra kara - gruppa frå Sula. "Gutane" har besøkt oss fleire gonger før, og har fått god tilbakemelding. Dei er "halvproffe" songarar som har eksistert i ei årrekkje. Forutan å opptre i eige kyrkjelyd, Sula Frikirke, så er dei også rundt og deler songgleda i andre samanhengar. På repertoaret står gospelmusikk og både nye og eldre sangar og lovsangar. Vi prøver oss med ein litt enklare liturgi, og går inn for landing på temarekka om "Vår Far". Då har vi kome til bøna: "tilgjev oss vår skuld slik vi og tilgjev våre skuldnarar". Vil Gud tilgje kun om vi tilgjev dei andre ? Kva samnheng er det mellom Guds tilgjeving og vår tilgjeving. Nokon gonger er det ekstra vanskeleg å tilgje, korleis skal vi forhalde oss til det ? På nokre minuttar klarer vi ikkje å borre i heile kompleksiteten med skuld, overtredingar og synd, og om dei problematiske med å tilgje seg sjølv og andre. Men noko får du nok med deg. Om du vil lese deg opp på nokre tekstar kan du slå opp Mika 7,18, Kol 3, 12 - 13. Og evangelie teksten som er henta fra Matt 18, 23 - 35. Kom og ta med deg ein ven. Det vert ei musikalsk oppleving !