Dåpskjole til utlån


Skodje kyrkjelyd takkar for to nye dåpskjolar som er strikka og gitt som gåve frå Skodje Røde Kors. Der er no tre dåpskjolar i kyrkja som er tilgjengelege for utlån.

 

Våren 2021 fekk soknerådsleiar Tove Solheim Kristensen overrekt enda ein strikka dåpskjole som er strikka av Else Marie Strømmen. Soknerådet og kyrkjelyden er takksame og gleder seg over å kunne tilby utlån av dåpskjolar.

I høve 160årsjubileet til Skodje kyrkje overrekte Ann-Cathrin Grande-Kvalsvik ein dåpskjole til kyrkja. Soknerådsleiar Anne Lovise Ludvigsen Løvås tok imot gåva på vegner av kyrkjelyden. Det er Kikki Grande i strikkeklubben i Skodje Røde Kors som har strikka kjolen. Tråden kjolen er strikka av toler maskinvask. Det høyrer med trekk til å oppbevare kjolen i og sett av sløyfer i rosa og i blått. 

Frå før har Skodje kyrkje ein dåpskjole til utlån. Skodje kyrkjelyd er glad for å kunne låne ut kjolar til dåp. Alle familiar er velkomne til å feire dåpshandlinga i kyrkja. Ta kontakt med kyrkjetenar eller sokneprest for lån av kjole til dåp. 

Tilbake