Du er invitert til medarbeidarfest på KYRKJETORGET i Ørskog torsdag 23. januar kl 18.00! Alle frivillige i soknet som er engasjert i smått og stort er velkomen til ein fest for Skodje og Ørskog kyrkjelyd.
Påmeldingsfrist (grunna matbestilling) søndag 19.01 kl. 23:59.
Det er mange som bidreg i kyrkjelyden i Skodje. Soknerådet ynskjer å gi noko tilbake til alle dei som stiller opp, i små eller større oppgåver. Alle frivillige i soknet som er engasjert i smått og stort er velkomen til ein fest saman med Ørskog kyrkjelyd.
Det har etterkvart vorte ein tradisjon med ein fest på nyåret. I år som i fjor vil vi samle oss til hyggjeleg lag saman med dei frivillige og stab i Ørskog. Det startar med eit godt måltid, vi får høyre på ein samtale med kveldens gjest/ar. Høve til å dele draumer og ynskje for det nye året vert det óg. Kvelden vert avslutta med ein musikkandakt i kyrkja i Ørskog. Vi vonar at mange har lyst til å vere med.
PÅMELDING VED Å KLIKKE HER
Påmeldingsfrist (grunna matbestilling) søndag 19.01 kl. 23:59.
Vel møtt!
Arrangør: Skodje sokneråd og Ørskog sokneråd