Spor av tru - i adventstida.


Ja, det vert "Spor av tru - i adventstida", i år også. Gjestar vert Gunnar Hamnøy 10. des., og Kari Grindvik 17. des.

"Spor av tru" er samtaler med prest Jan Løkkeborg i kordøra i kyrkja. Her får du høyre intervjuobjekta lette på sløret og slippe oss inn i tankar om oppvekst, verdiar, tru, gleder og utfordringar. Dette er 3. året vi har slike samlingar i kyrkja. Og som før har vi også invitert musikalske gjestar som kan gi oss nokre "sviskar" for øyrene. Dei som deltek i år er søskena Garseth/Ulvestad den 10. des. Dei spelar gitar og syng. Dei deltok i 2022, og det var veldig gode tilbakemeldingar. Vi gled oss til å høyre deg igjen.
17. des får vi besøk av Kristina Farstad Bjørdal, ho er freelance  - musikar og har mange konsertar bak seg. Kristina spelar trekkspel og det blir veldig flott å høyre henne i denne samanhengen.

Spor av tru er samlingar for deg som vil senke tempoet og lytte til det vesentlege i livet. Og om du dukkar opp litt før kan det hende at du får servert ein kopp med gløgg. Begge kveldane er kl 19.30.

Tilbake